logo

Søknad om VTA-plass

Søknad om VTA-plass

Korleis søkjer du om å få ein VTA-plass ved Haram Industrier?

Kven kan få tilbod om VTA?

Varig tilrettelagt arbeid (VTA) er eit tilbod til personar som av ulike grunnar ikkje kan ta seg arbeid i det ordinære arbeidsliv, og som ønskjer å komme seg ut i arbeid og aktivitet, nytte sin arbeidsevne og vere ein del av eit arbeidsfellesskap i staden for å passiviserast på trygd. Alle som jobbar hjå oss er med på å utforme sin eigen arbeidsdag.

Søk hos NAV

Den som søkjer seg inn i VTA tiltaket må ha uførepensjon, eller venta å få det i næraste framtid. Søknad skal sendas til ditt lokale NAV-kontor. Tiltaket er ikkje tidsavgrensa. Meir informasjon finner du på NAV sine nettsider.

Korleis søkjer du?

Ta kontakt med NAV lokalt, eller ta direkte kontakt med Haram Industrier for omvising og informasjon.  Vi kan sjølvsagt hjelpe deg med skriftlig søknad og kontakt vidare mot NAV.

Samarbeid med vidaregåande skule

Haram Industrier samarbeider med vidaregåande skule i Brattvåg om praksisplassar i skjerma sektor. Målet er å ge elevar som kan vere aktuelle søkjarar til VTA ved Haram Industrier, eller tilsvarande bedrifter, arbeidspraksis og kompetanse som forbereder overgangen frå skule til arbeidsliv.

Vi kan òg vere til hjelp med praksisplassar for ordinære elevar i vidaregåande skule.