logo

Om oss

Haram Industrier AS er ei Vekst-bedrift i skjerma sektor.

Det betyr at vi sysselsett personar som for kortare eller lengre tid har behov for en tilrettelagt arbeidsplass.
Vi har tett samarbeid med NAV Haram og næringslivet ellers i vårt distrikt.

  • Haram Industrier AS er 100 % eigd av Haram kommune
  • Våre kundar er NAV, lokalt næringsliv, Haram kommune og privatpersonar
  • 48 sysselsette pr. 31.12.23
  • Vi har 24 VTA plassar (Varig Tilrettelagt Arbeid)
  • Godkjent opplæringsbedrift.
  • ISO godkjent Norsk Standard NS-EN ISO 9001:2015
  • Mekanisk verkstad - sveising, dreiing, fresing, boring m.m
  • Snekkarverkstad med produksjon av pallar, emballasjekasser, parkbenkar, bord, benkar, poststativ, blomsterkasser, grillhytter m.m
  • Motering/pakking av deler frå næringslivet
  • Bruktbutikk med mykje fine varer
  • Sal av asiatiske matvarer i Bruktbutikken
  • Avdeling Utegruppe som driv med trefelling/skogrydding, beskjæring, plenklipping m.m
  • Arbeids- og aktivitetssenter

  
Vår viktigaste oppgåve er å bidra til å utvikle menneske og bygge sjølvtillit til kvar einskild, gje dei ein meiningsfylt kvardag, avklare arbeidsevna eller gi hjelp til å komme i gang i yrkeslivet.

Hjå Haram Industrier AS vil vi at alle skal kunne komme som det menneske det er. Vi jobbar heile tida med å sjå heile mennesket
og for å gi kvar einskild ein god kvardag. Arbeid og aktivitet er bra for helsa til kvart menneske.

Litt historie om 'HIAS':
Frå Alvestad Industrier KF, til Haram ASVO, og no Haram Industrier AS.
Haram Industrier AS, heretter kalla HIAS, vart etablert i 1986 som eit kommunalt foretak, og er 100 % eigd av Haram Kommune. HIAS er ei vekstbedrift som betyr at vi sysselsett personar for kortere eller lengre tid som har behov for tilrettelagt arbeidsplass. Vi har tett og nært samarbeid med Haram Kommune og NAV, samt næringslivet i distriktet.
Selskapet vart i 2012 sertifisert i eQuass, og vart i 2014 sertifisert i Norsk Standard NS-ES ISO 9001.
I 2024 flytta HIAS inn i nye lokaler på Synnalandsvegen i Brattvåg.