logo

Nyheter

noimage

HIAS-Trimmen 2015
Vi gjentok suksessen frå i fjor, og arrangerte HIAS-trimmen for omlag 80 påmelde. Dessverre
var ikkje vêrgudane heilt på vår side denne dagen, men stemninga og turgleda var på topp
sjølv om sola stort sett uteblei.

  
Rolf Inge åpna trimmen                                   Like før startskuddet går


Etter knallsuksessen frå i fjor, vart det bestemt at vi ville freiste å gjere HIAS-trimmen til eit 
årvisst arrangement. Andre fredagen i juni gjorde vi dette og stemninga var ikkje noko
mindre ved start i år enn i fjor, sjølv om vêrgudane prøvde å jage oss heim til peis og ullteppe.
Nokre fråfall vart det, men vi som gjekk fekk ein tur i både sol og regn.Trass regnet, levde
deltakarane på turen verkeleg opp til mottoet: 'Ut på tur, aldri sur' 


  
Godt med folk i løypa                                                 'Ut på tur, aldri sur' 


Turen gjekk rundt Synnalandsvatnet, der alle kunne gå så langt dei sjølv ville og klarte. Undervegs
i løypa var det høve til å få seg ein pust i bakken, samt fornye kreftene og få ny energi i form av

vatn og frukt. I målområdet vart det servert grilla pølser og saft til deltakarane etterkvart som dei
kom i mål. 
Og aldri har vel ei pølse smaka så godt som denne dagen  

Når alle hadde kome i mål, blei det delt ut diplom og medalje til alle deltakarane på turen.


  
Grillpølsa smakte eksta godt                               Grillsjefane
denne dagen


Verdien av årets tur var også i år høg; deltakarane vart enno litt sprekare, men mest av alt hadde
denne dagen ein høg sosial verdi. 
Nye kontaktar vart skapa, nye venskapsband vart knytte og
gamle venskapsband vart fornya. 
Vi gler oss til neste års tur allereie 


Glimt frå dagen:
 
Det var godt å få ei pause og ei pølse            Ein glad vandrar får sin diplom og medalje

 

Flott diplom for flott innsats                               'Sjå kor fin den e'
    

 
Hunden Balder fikk låne ei medalje                       Takk for turen 

 

 

Publisert 20.05.2015 Skriv ut artikkelen Bookmark and Share

Reporter :  admin
Source : 


  • HIAS-Trimmen 2018 - Jubileumstur
    Når HIAS inviterar til trimtur, veit vi at vi får ein flott dag. Ikkje ein gong ein 'haust-storm'
    i juni kunne dempe steminga denne dagen :)

  • Postkassestativ
    Postkassestativ
    12.04.2018

    NYHET!
    Solid postkassestativ vert no produsert på vårt snikkarverkstad :) Stativa vert
    laga etter mål, slik at du som kunde får det stativet du har behov for :)

  • HIAS Avfallshus med og utan tak

    NYHET!
    Det vert innført ny avfallsordning i år og no produserar vi avfallshus tilpassa fire avfallsdunkar.
    Perfekt for deg som ikkje vil ha regn/snø på toppen av avfallsdunken :)
    Vi produserar husa både med og utan tak, i den storleiken du som kunde har behov for :)

  • HIAS trestativ for avfallsdunkar
    NYHET!
    No produserar HIAS trestativ for avfallsdunkar perfekt tilpassa den nye avfallsordninga som vert innført i år.
    Vi produserar stativa i fleire utgåver, alt etter kva du som kunde har behov for :)
  • x