Nyheter HIAS-trimmen 2016 NYHET!Årets HIAS-trim vart ein knallsuksess med strålande sol og omlag 150 glade turgåarar frå Haram, Ørskog, Fræna, Vestnes og Ulsteinvik >:) Forventningsfulle deltakarar rett før start Det vart rekordstor deltaking på HIAS-trimmen i år, noko vi som arrangørar er svært glade for. Turen gjekk som vanleg rundt Synnalandsvatnet, der alle kunne gå så langt dei ville og klarte. Det var også høve til å ta seg ein kvil i løypa på ein av frukt/drikkestasjonane som fans undervegs. Strålande sol gjorde turen til ei flott oppleving, sjølv om nordavinden nok gjorde sitt til at ein del skulle ønske at dei hadde kledd seg betre. Den sure vinden klarte likevel ikkje å øydelegge turgleda for oss og vi hadde ein fantastisk dag Det vises når 150 glade er på tur Godt besøkt frukt og drikkestasjon Etter turen var det grilling og sosialt samvær ved Brattvåg Vassverk sine lokaler, og alle storkosa seg i det vakre vêret Verdien av årets tur var høg i år òg; deltakarane vart enno litt sprekare, men mest av alt har denne dagen ein høg sosial verdi. Nye kontakter vert skapte, nye venskapsband vert knytte og gamle venskapsband vert fornya. Vi gler oss til neste års tur allereie Glimt frå dagen: Fint i solveggen Fornøgd med innsatsen Pølsa smakar ekstra godt når ein er i godt selskap etter ein superfin tur Det grilles.... .... og ventes Alle fikk medalje og diplom Nye vennskapsband vart knytte Ekte turglede Både to- og firbeinte hadde ein flott dag Alt har sin ende, også denne dagen. Nåkre gjekk heim, andre hadde litt finare doning å reise heim i Haram Industrier ønsker å takke alle som deltok på årets trim: Torabu frå Fræna, Tremek frå Vestnes, Vekst Ørskog frå Ørskog, Ulshav frå Ulsteinvik, Vatne ungdomsskule, Dalebu, Vesterheim og Dagaktiviseringa i Brattvåg, HIAS og lokalbefolkninga i Haram. Vi vil også rette ei stor takk til Brattvåg Vassverk for lån av lokaler og Brattvåg Røde Kors for lån av benkar. Vi håpar og vonar at det blir ny rekorddeltaking på neste års tur Publisert 16.06.2016 Skriv ut artikkelen Link to this news: << Tilbake Reporter : admin Source : HIAS kan tilby ulike tenester: 07.01.2020 Les mer >> HIAS Skjærefjøl 27.11.2019 Praktiske skjærefjøler av høy kvalitet. Laget av eik. Les mer >> HIAS-Trimmen 2019 05.07.2019 Årets HIAS-Trim vart ei strålande historie med sol frå nesten skyfri himmel og rundt 170 glade trimmarar :) Les mer >> HIAS Opptenningsved 19.02.2019 NYHET!No tilbyr vi praktisk opptenningsved i posar, der kvar pose inneheld ca. 11 liter opptenningsved. Eit flott hjelpemiddel når du skal fyre i ovnen og i peisen :) Vi produserar dessutan både blandingsved og tennrullar :) Les mer >> HIAS-Trimmen 2018 - Jubileumstur 20.06.2018 Når HIAS inviterar til trimtur, veit vi at vi får ein flott dag. Ikkje ein gong ein 'haust-storm' i juni kunne dempe steminga denne dagen :) Les mer >> 12.04.2018 HIAS Postkassestativ 07.02.2018 HIAS Avfallshus med og utan tak 06.02.2018 HIAS trestativ for avfallsdunkar 25.08.2016 HIAS Trekasse/emballasje 18.06.2015 HIAS Bord med lause benkar Cateno CMS Do you want to send ? x