.jpg)
Spende deltakarar før start
Årets HIAS-trim gjekk av stabelen 14. juni og i år viste værgudane seg frå si beste side.
Strålande sol frå nesten skyfri himmel skapte ei vakker ramme rundt den årvisse HIAS-trimmen.
Trimmen gjekk også i år rundt vakre Synnalandsvatnet, der deltakarane sjølve kunne velje kor
langt dei ville gå. Deltakarar frå Ulstein, Vestnes, Ørskog, Stranda, Sykkylven, Norddal, Skodje
og Haram kosa seg på tur i sola og det var berre glade fjes å sjå.
.jpg)
Lang, lang rekke når 170 skal på tur Frukt og vatn smakte godt i varmen

Deltakarar från Tremek på Vestnes kosar seg på tur (foto: Tremek)
Etter turen var det grilling og sosialt samvær, og alle deltakarane fekk diplomar og medaljar.
Det vart også trekt ut premiar mellom deltakarane, og nye og gamle vennskapsband blei knytte.
Den sosiale verdien på ein slik tur en minst like høg som sjølve trimmen. HIAS-trimmen i år går
inn i historia som svært vellukka, og vi gler oss allereie til neste tur :)
Glimt frå dagen:

Lene, June, Aina og Oli-Anne ordnar med frukta til svoltne trimmarar
.jpg)
Magnus i farta (foto: VekstØrskog) Irene klar for tur
.jpg)
Det blei folksomt i løypa Matkø :)
.jpg)
Grillmat er alltid godt Mor og datter koser seg i sola
.jpg)
Sosialt samvær er viktig og godt :) Alle fekk medalje og diplom